torsdag 22. desember 2011

Frå julehefte til salmebok: DET LYSER I STILLE GRENDER


Av Nils-Petter Enstad

Det skal ha vore ein steikande varm sumardag i 1931. I hagen til Klokkargarden i Dale i Sunnfjord sat ein ung mann i skuggen av eit tre og skreiv. Det var lyrikaren Jakob Sande, som to år før hadde gjeve utdiktsamlinga «Svarte næter», ei bok som hadde fått mykje merksemd. Diktet han skreiv no var tinga av joleheftet «Jol i Sunnfjord». Diktet het berre «Jolekveld»,og det første av dei fem versa byrja slik: «Det lyser i stille grender/av tindrande ljos i kveld/og tusene barnehender/mot himmelen ljosa held».

Alt året etter fekk diktet melodi. Lars Stubhaug, lærar i Vevring i Sunnfjord, laga ein tone og arrangerte han for kor. Songen var mykje nytta, og tekst og tone vart trykt i Gula Tidend i 1934. Då ei ny utgåve av Lars Søraas si songbok kom i 1948, var teksten med, men no med ein melodi av Søraas sjølv. Det er denne melodien som sidan har vore knytt til songen, jamvel om i alt ni komponistar har laga melodiar til Sande sin tekst. På 1980-talet vart songen folkeeige, ikkje minst gjennom Sissel Kyrkjebø sin versjon på joleplata hennar frå 1987. Men alt i 1985 sto songen, med Søraas sin melodi, i Norsk Salmebok.

Fem eller fire vers?
Då songen vart publisert første gong, hadde han fem vers. Seinare strauk Sande det siste verset, der han syng om «barnet, Guds son og sonar/som myrkret for evig batt».Det var vore diskutert kvifor han strauk dette verset, om det vart for «kristeleg» for han. Sjølv sa han at han syntes det var for dårleg. -–Ein kan ikkje binde mørket, skal ha vore ein av årsakene han gav. I Norsk Salmebok står alle fem versa, sjølv om familien protesterte mot dette, og synte til Sande sitt eige ynskje. Salmebokkomiteen endra også «myrkret» i siste line til «døden».

Det kristelege
Sande var elles ikkje redd for det «kristelege» - pasjonssalmen «Du som låg i natti seine» er noko av det sterkaste ein har i salmeboka. Her heiter det i siste verset: «Lær mi sjel kor du laut lida/syn meg såret ditt i sida/styrk og nør mi veike tru». Dette diktet vart skrive same år som «Det lyser i stille grender», og var også med i samlinga som kom den hausten: «Storm frå vest». Mange har tolka det som ein reaksjon på noko av den kritikken den fyrste samlinga hans fekk, mellom anna frå meldaren i avisa Dagen.
«Det lyser i stille grender» står ikkje i nokon av dei diktsamlingane Jakob Sande sjølv ga ut, heller ikkje i «Dikt i samling», som han sjølv redigerte. Her luka han ut fleire dikt frå dei fyrste samlingane sine. Men då Gyldendal i 1998 gav ut ei ny og komplett utgåve av «Dikt i samling», var også «Jolekveld» frå 1931 med – ein song som hadde vorte elska og mykje sunge i åra som var gått.

Kjelder:

Eide, Ove: Jakob Sande – liv – dikting (Det Norske Samlaget, 2006)
Sørebø, Herbjørn: Ein storm frå vest – Jakob Sande, veit eg (Det Norske Samlaget, 2000)


Publisert av KPK desember 2011

Ingen kommentarer: